Denne suksessoppskrifta må ingen kødda med

Kommentar

Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.

For 35 år sidan vart det gjort ein aldri så liten genistrek like utanfor Bergen.

Kløktige folk frå næringslivet, framsynte lokale skulefolk og ein fleksibel fylkeskommune, såg at dei hadde felles interesser, og saman kunne gjera relativt små grep for å oppnå veldig mykje på ein gong.

Det var ikkje måte på kva dei fekk til:

  • Næringslivet fekk tilgang på skuleflinke og motiverte ungdommar som dei kunne forma frå første skuledag, og fekk sikra tilgangen på kompetent arbeidskraft.
  • Ungdom frå distrikta fekk komma inn i eit profesjonelt miljø der dei verkeleg vart satsa på, og i tillegg fekk lønn under opplæringa.
  • Statusen til yrkesfaga fekk eit etterlengta løft.
  • Den vidaregåande skulen i vart meir attraktiv, og fleire skuleflinke elevar vart igjen i lokalmiljøet sitt, i tillegg til at tilbodet òg vart populært for elevar frå Bergen.

Resultatet vart ordninga som fekk namnet Teknisk allmennfag, på folkemunne berre Taf. Seinare omdøypt til Ysk – som står for Yrkes- og studiekompetanse.

Framo på Flatøy er berre eit av mange døme på bedrifter som både har bidrege, men òg nytt godt av ordninga. Foto: EIRIK HAGESÆTER

Eit fireårig tilbod der elevane endar opp med både spesiell studiekompetanse òg fagbrev, og gjennom heile studieløpet får ein kombinasjon av teoretisk kompetanse på skulebenken og praktisk kompetanse ute i bedrift.

Ordninga var ikkje noko mindre enn ei mønsteroppskrift på korleis det offentlege og næringslivet saman kan bygga noko større. Dei siste 35 åra har det poppa opp avleggarar mange plassar i landet.

I Vestland finst tilbodet i dag i Knarvik der det heile starta, og i Fusa og Måløy.

Om det har fungert?

Så til dei grader!

Framo-fabrikken i Fusa bidrog i fjor åleine med over 400 millionar i skatteinntekter til det offentlege Norge. Foto: Truls Skram Lerø

Då næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) i fjor kom til Framo-fabrikken på Flatøy i Alver for å presentera regjeringa sin industripolitikk, fekk statsråden med eigne auge sjå krafta i det eineståande samarbeidet.

I Framo, som i si tid var sentrale i etableringa av ordninga, gjennomsyrar nemleg ordninga heile verksemda, frå verkstad, via mellomleiarar til styrerom.

Ho fekk mellom anna møta Thea, Sebastian, og Sigve.

  • Thea Søreide gjekk på Taf på Knarvik vidaregåande skule, og var lærling på Framo på Flatøy. Ho drøymde om ei framtid i bedrifta.
  • Sebastian Pihl hadde komme hakket lenger. Etter å ha fullført dei fire åra med Taf, som gir både studiekompetanse og fagbrev, hadde han fått hjelp av bedrifta til å finansiera ingeniørutdanninga i England. Han var trainee ved industribedrifta på Flatøy.
  • Sigve Gjerstad var blant dei første som starta på Taf i 1992. Etter å ha gått gradene i Framo hadde han, 33 år seinare, ei direktørstilling i selskapet.

I eit næringsliv som generelt er i konstant beit etter kompetent arbeidskraft, har Taf-ordninga gjort bedriftene i stand til å utvikla kompetansen sjølv i eige lokalmiljø.

Næringsminister Cecilie Myrseth besøkte i fjor Framo si avdeling på Flatøy. Der fekk ho møta lærling Thea Søreide, trainee Sebastian Phil, og direktør Sigve Gjerstad som alle kom inn i bedrifta gjennom Taf-ordninga. Foto: EIRIK HAGESÆTER

Truleg er Taf-ordninga eit av dei aller mest treffsikre næringspolitiske grepa som finst.

Faktisk er det på seriøst grunnlag mogleg å hevda at fleire hjørnesteinsfabrikkar kunne ha vore borte, om det ikkje var for ordninga. Det skal eg komma tilbake til.

Først det mest presserande: 

I budsjettet for 2027 foreslår fylkesrådmann Robert Rastad å avvikla ordninga ved to av dei tre vidaregåande skulane i Vestland; i Fusa og Måløy.

Du må langt inn i det fylkespolitiske kaninholet om du vil forstå korleis dette kan vera mogleg.

La oss likevel prøva. Etter alle solemerke kjem fylkesøkonomien til å komma alvorleg under press dei kommande åra.

Allereie i vår knuste opplæringspolitikarane på fylket sparegrisen, og brukte eingongspengar for å unngå nedlegging av ei rekke lokalt viktige linjer med låge søkartal.

Dei neste åra kjem dei ikkje til å greia å unngå å kutta i tilbodet til elevane.

Fylkesdirketør Robert Rastad spår tøffe år for fylkesøkonomien, og har foreslått å legga ned Taf-tilbodet i Fusa og Måløy. Foto: EIRIK HAGESÆTER

I denne situasjonen er det fleire problem som plagar opplæringspolitikarane meir enn situasjonen til nokre skuleflinke, ressurssterke og motiverte elevar, som sikkert uansett kjem til å greia seg fint i livet.

Dei to dominerande utfordringane framover er nemleg korleis ein skal få bukt med det alt for store fråfallet i den vidaregåande skulen, og korleis ein skal greia å skjerma sårbare tilbod i utkantane når sparekniven skal svingast.

Om politikarane skal lykkast med dette, må rett og slett alle steinar snuast, på jakt etter pengar.

Det er under ein av desse steinane forslaget om å legga ned Taf-tilbodet i Fusa og Måløy dukka opp.

Sidan fylket, naturleg nok, brukar meir pengar på ein Taf-elev enn på ein ordinær elev på studiespesialisering, finst det nokre kroner å henta her.

Ifølge fylkesdirektøren sine tal vil det berre dreia seg om 700 000 kroner neste år, sidan effekten berre vert eit kull i eit halvt år. Men etter kvart som at alle dagens elevar har fullført opplæringsløpet sitt i 2030, vil summen ha stige til 4,8 millionar.

Om fylkespolitikarane i tillegg hadde lagt ned tilbodet i Knarvik, noko som ikkje er foreslått i denne omgangen, ville politikarane kunna ha om lag 14,3 millionar meir å rutta med i 2030.

Sjølv om dette sikkert kan verka forlokkande, om ein er inne i ei boble der ein ønsker å få flest mogleg elevar gjennom vidaregåande på flest mogleg plassar i fylket, er forslaget hårreisande elendig om ein berre løftar blikket bitte litt.

I eit næringspolitisk, regionalpolitisk, distriktspolitisk, og samfunnsøkonomisk perspektiv er gevinsten av desse 14,3 millionane enorm.

Det kan faktisk fort vera skilnaden på om Vestlandet har konkurransekrafta som skal til, eller ikkje.

Etter at Framo-fabrikkane på Flatøy og i Fusa i 2014 vart kjøpt opp av det svenske industrikonsernet Alfa Laval, har dei nye eigarane vore opne om at dei har vurdert å flagga ut produksjonen til Kina.

I staden valte dei å investera over 4 milliardar i nye fabrikkar på Holsnøy.

Grunngjevinga bør alle som vurderer å legga ned Taf-linjene merka seg. Det sterke kompetansemiljøet som over tid er bygd opp i Fusa og Nordhordland var nemleg for viktig for bedrifta, til at dei våga å flytta produksjonen til eit lågkostland.

Å kødda med ein av dei viktigaste føresetnadane for dette, bør fylkeskommunen slå frå seg først som sist.

I fjor bidrog Framo-fabrikkane i Fusa og Alver åleine med over ein halv milliard i skatteinntekter til det offentlege Norge.

Berre fabrikken i Fusa, der Taf-linja no står i fare, bidrog med over 400 millionar.

Røyr til pumpesystem til eit skip vert kontrollert hjå Framo i Fusa. Om Taf-ordninga forsvinn frå den lokale vidaregåande skulen, mister fabrikken ein viktig rekrutteringskanal. Foto: Truls Skram Lerø

I denne samanhengen er det eit enormt sjansespel å spara 700 000 kroner i neste års fylkesbudsjett.

Medan fylkespolitikarane heldt fingrane frå fatet, bør Ap-regjeringa sporenstreks gjera ein innsats for å få ut effektane frå denne glitrande ordninga i langt større skala i andre lokalsamfunn med viktige bedrifter som slit med å få tak i arbeidskrafta dei treng.

Det er nemleg når lokalt næringsliv og lokale representantar for det offentlege finn saman om gode løysingar Norge er på sitt beste.

Det trengst! Dei siste åra har fleire velfungerande avleggarar av Taf-ordninga vorte nedlagde rundt om i landet.

Samtidig viser dei nasjonale evalueringane at ordninga er ein dundrande suksess. Ikkje berre for næringslivet og ungdommane, men òg for lokalmiljøa som i langt større grad enn elles greier å halda på talenta sine.

Forslaget om å legga ned Taf-linjene i Fusa og Måløy er elendig næringspolitikk, elendig skulepolitikk, elendig ungdomspolitikk og elendig distriktspolitikk.

Sånn. Då er det berre å finna nokre andre steinar å snu, for desse må leggast fint tilbake på plass.

内容来自 BA.no - Forsiden - CHECK 08/04/2020,版权归原作者所有。

阅读原文 ↗

把喜欢的内容,留在你的新标签页。

打开我的订阅