Eit parti for steinrike konsortium flest?
Om du har ei verkeleg dårleg sak, finst det fleire ulike strategiar du kan velja mellom.
Det aller mest tillitvekkande du kan gjera er å vera ein smule audmjuk, vedgå at du kanskje bomma litt, og ta ansvar. Om du har eit stort ego, kan det kanskje vera litt smertefullt.
Eller du kan velja å vera feig, sitta stille i båten, og lata som ingenting. Sjå ein annan veg om nokon prøver å stilla deg eit spørsmål.
Det kanskje aller minst tillitvekkande du kan gjera, er likevel å håpa at ingen får med seg at tabben faktisk var ditt ansvar, og laga mest mogleg støy, og få folk til å tru at det heile er og var nokon andre sin feil.
Det er den siste strategien Framstegspartiet har valt for å handtera at bygginga av Sotrasambandet har gått på ein real smell både når det gjeld kostnadar og tidsbruk.
La det ikkje vera tvil:
For folk som i fleire tiår har stanga i kø mellom Bergen og Sotra, er det mildt sagt provoserande at arbeidet med å bygga det nye Sotrasambandet meir eller mindre har stoppa opp, og at Statens vegvesen og det multinasjonale konsortiet Sotra Link AS kranglar om kven som skal ta på seg ekstrarekninga, som har vakse til 8 milliardar kroner.
Mykje arbeid står igjen for å få fullført Sotrasambandet. Foto: Lars Kristian Steen Fluge
Det er òg ille for bedrifter i byggebransjen som brått fekk planane sine endra.
At arbeidet no drar ut i tid, har store konsekvensar for både næringsliv, arbeidsliv og kvardagsliv.
Folk som er sure fordi dei må sitta i kø, er ei gruppe som Framstegspartiet brukar å ha eit godt grep om.
Av gammal vane, gir partiet no uttrykk for at det er denne gjengen dei no tar kampen for.
Helge André Njåstad (Frp) har kravd ei politisk løysing på flokane rundt bygginga av Sotrasambandet. Foto: SKJALG EKELAND
Kva er vel betre enn å skulda på samferdsleminister, Kamzy Gunaratnam (Ap), som for ordens skuld ikkje ein gong har lappen?
– Dersom statsråden ikke griper inn og får saken på rett spor, kan vi fort havne der at prosjektet stopper opp og 60.000 vestlendinger får merke det. Dersom det skal på et nytt anbud, vil staten i tillegg tape penger på det, sa stortingsrepresentant Helge André Njåstad nyleg til BA.
Han hadde òg ein folkeleg metafor på lur.
– Det blir som å ro en båt som tar inn vann uten å foreta seg noe for å tette lekkasjen, sa Njåstad.
Med mindre Njåstad meiner at Kamzy Gunaratnam (Ap) har overnaturlege evner, er det i realiteten stortingsrepresentanten frå Austevoll som er ute og ror. Han regelrett fossror for å komma vekk frå det faktum at det er Framstegspartiet som både har plukka ut og sjøsett den aktuelle båten.
Les også
Ellevill kostnadssmell: Kan havne i retten
Grunnen til at samferdsleministeren bør vera særs forsiktig med å gripa inn i konflikten rundt rekninga for Sotrasambandet, er det faktisk Framstegspartiet som ber det heile og fulle ansvaret for.
Det var nemleg Framstegspartiet, og ingen andre, som sat med samferdsleministeren då det vart bestemt korleis Sotrasambandet skulle byggast.
Dåverande samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) bestemte, stikk i strid med åtvaringane både frå konsulentane som kvalitetssikra prosjektet og byråkratane i det Frp-styrte finansdepartementet, at prosjektet skulle organiserast som eit OPS-prosjekt.
Ketil Solvik-Olsen og Bård Hoksrud var begge sentrale så Sotrasambandet, mot faglege tilrådingar, vart peikt ut som eit OPS-prosjekt. Foto: Emil W. Breistein
På norsk betyr ordninga at staten betalar eit privat selskap for å planlegga, bygga og drifta prosjektet.
Til skilnad frå dei fleste norske samferdsleprosjekt, overtar det private selskapet delar av ansvaret som staten til vanleg har.
Ansvaret vert flytta lengre vekk frå politikken og langt inn i jussen.
Dei politiske argumenta for å gjera det på denne måten var at prosjektet kunne realiserast rimelegare, raskare og med mindre risiko for skattebetalarane. Ein mindre kommunisert strategi, var eit håp om at ordninga òg skulle vera lukrativ for næringslivet.
Som nemnd, mangla det ikkje på kritikarar.
– Dersom prosjektet først og fremst skal styres på tid, øker det risikoen for kostnadssprekker og dårlig kvalitet, slo byråkratiet til finansminister Siv Jensen (Frp) fast.
DNV GL som kvalitetssikra prosjektet for samferdsledepartementet konkluderte med at risikoen og kompleksiteten i prosjektet var for stor til at dei kunne tilrå å gjennomføra prosjektet som eit OPS-prosjekt.
– Vi mener at prosjektet ikke treffer kriteriene for valg av OPS som entrepriseform spesielt godt, skreiv konsulentane.
Det var altså vel vitande om motførestillingane at regjeringa bestemte seg for korleis prosjektet skulle organiserast.
Dei faglege tilrådingane her dessverre treft blink, så til dei grader.
Folkeleg forklart inneber løysinga at Sotra Link AS, som vann konkurransen om kontrakten, har tatt på seg å bygga Sotrasambandet til fastpris.
Sidan den relativt store risikoen i prosjektet allereie er bakt inn i kontraktsummen på 19,8 milliardar kroner skal det mykje til for at OPS-selskapet skal kunna krevja meir pengar frå vegvesenet.
For at denne ordninga skal fungera, er det kontrakten og ikkje politisk innblanding som skal setta rammene for eventuell usemje.
Prosjektleiar Lene S. Rivenes og Statens vegvesen har avvist dei aller fleste fakturaane dei har fått frå det internasjonale konsotiumet som bygger Sotrasambandet. Foto: Skjalg Ekeland (arkiv)
At partar er ueinige om fordeling av kostnadane er heilt vanleg i store byggeprosjekt. Det uvanlege her er at Sotra Link Construction, som bygger på vegner av Sotra Link AS, har nedjustert byggeaktiviteten kraftig og til dels stoppa bygginga av Sotrasambandet.
Kontrakten som styrer det heile, som visst nok skal vera på 2000 sider med vedlegg, har òg prosedyrar for korleis konfliktar om kostnadsfordelinga skal løysast.
No har partane forsøkt å løysa flokane på prosjektleiarnivå, i kontraktsmøte og i eit samarbeidsmøte der styra hjå partane er representerte.
Siste utveg er etter alt å dømma å løysa ueinigheita i retten. Sidan det er Sotra Link Construction som fremjar krava, er det opp til dei å stemna vegvesenet for retten.
Fram til no er særs sjeldne og kreative grep tatt i bruk for å få staten til å ta rekninga. I vinter engasjerte eigarane i Sotra Link Construction ambassadane til Spania, Sør-Korea og Italia for å prøva å overtala regjeringa. Seinare har både ein sørkoreansk statsråd og nye diplomatiske framstøyt vorte prøvd, i desperasjonen etter å få meir statlege pengar.
Det seier litt om at det er mektige krefter i sving, her.
Også det norske påverkingsselskapet First House har vorte hyrt inn for å tala det internasjonale konsortiet si sak.
Då OPS-kontrakten om bygginga av Sotrasambandet vart lyst ut, var det Jon Georg Dale (Frp) som var samferdsleminister.
I juni kunne Bergens Tidende fortelja at same mann, no som leiar i det nemnde påverkarselskapet, har tatt seg betalt for å tala entreprenørselskapet Sotra Link Construction si sak i møte med tidlegare politikarkollegaer.
Jon Georg Dale har gått frå å vera sjefen til Statens vegvesen, gjennom rolla som samferdsleminister, til å ta betalt for å tala Sotra Link Construction si sak. Foto: ANDERS KJØLEN
Bård Hoksrud (FrP) som gjentatte gongar har engasjert seg grunna tids- og kostnadssprekkane rundt bygginga av Sotrasambandet vedgjekk, litt ufrivillig, at han hadde snakka med den tidlegare samferdsleministeren, som no tar betalt for å påverka, før han stilte spørsmål om saka i Stortinget.
Frp balanserer her på ei slakk line. Om samferdsleministeren faktisk hadde gripe inn og gitt etter for krava frå dei internasjonale pengefolka, hadde det fort betydd av vanlege folk fekk ei endå høgare rekning for prosjektet.
Paradoksalt nok er det samferdsleminister Kamzy Gunaratnam (Ap) som no må vera standhaftig for å sikra at OPS-løysinga som FrP kjempa igjennom ikkje spelar fullstendig fallitt.
Visst har prosjektet gått på ein solid smell både når det gjeld tid og pris. Det siste halmstrået er faktisk at OPS-ordninga framleis kan spara skattebetalarane og bilistane for ekstrarekninga, så lenge staten har sitt på det tørre, og statsråden ikkje går med på FrP sitt populistiske forslag om å finna ei politisk løysing.
Kamzy Gunaratnam er slettes ikkje utan ansvar. Av omsyn til skattebetalarane bør ho likevel vera varsom med å gje forhåpningar om noko politisk løysing på pengekrangelen mellom staten og OPS-selskapet. Foto: Bergensavisen
Om det viser seg at staten likevel til sjuande og sist må punga ut, uavhengig av grunn, er prestisjeprosjektet til FrP ein komplett skandale.
Det betyr slettes ikkje at Kamzy Gunaratnam skal slå seg til ro med den farseliknande situasjonen og legga beina på bordet.
Ho bør gjera det ho kan for å få partane til å finna ei løysing som faktisk får opp farten på bygginga av Sotrasambandet igjen.
Det handlar ikkje om å gje ved dørene, langt ifrå, men å finna løysingar som gjer at arbeidet kan komma i gang igjen for fullt, parallelt med at partane finn ut kven som skal ta rekninga til slutt.
Ei løysing som har vorte nemnd i kulissane er å få ferdig to av køyrefelta først. Og deretter fiksa resten når ein domstol har plassert ansvaret.
Samferdsleministeren skuldar òg folk på Sotra og i Bergen å pressa dei ansvarlege, som først og fremst er Sotra Link AS – som har forplikta seg til å få bygd den nye Sotrabrua – til å få på plass ein truverdig tidsplan for kva tid prosjektet skal vera ferdig.
Derfor er det bra at ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik (H), med fleire, torsdag fekk til eit møte med samferdsleministeren.
Gunaratnam kan ikkje springa ifrå at det er ho som har ansvaret no.
Tidlegare samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) saman med ordførar Tom Georg Indrevik (H) i samband med det første spadetaket for Sotrasambandet i 2023. Foto: Skjalg Ekeland (arkiv)
Å laga eit inntrykk av at dette er ei sak som samferdsleministeren enkelt kan og bør gripa inn i, er likevel å villeia folk.
Det hadde kledd Frp, og til dels Høgre, langt betre å heller rekka opp handa og vedgå det store ansvaret dei har for korleis denne prosessen har vorte.
Når ein tidlegare Frp-statsråd i tillegg har vore på jobb for aktørane som ønsker å pusha rekninga over på folk flest, burde partiet verkeleg tenka seg om.
I denne saka er det nemleg ein hårfin balanse å kjempa for interessene til folk flest, eller steinrike konsortium flest.
Les også
Møtte ministeren: – Skuffet over å ikke få ny åpningsdato
Les også
Kravene renner inn: – Redd vi ikke får pengene våre
Les også
Entreprenør-topp om Sotrasambandet: – Vil uansett ta tid å komme i gang
内容来自 BA.no - Forsiden - CHECK 08/04/2020,版权归原作者所有。
阅读原文 ↗