Bybrannen som endra Bergen bylov

Debattinnlegg

Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Bybrannen i Bergen 11. juni 1248 la byen i oske frå Vågsbotnen til Sandbru. Brannen må ha vore ei traumatisk oppleving. Men som det ofte har skjedd både før og etter: Når bergensarane hadde sopa oska av seg, rydda dei branntomtene og bygde byen sin opp att, truleg om lag som han hadde vore.

Men mange kjende nok angst for at noko slikt skulle skje igjen, mellom andre kongen, Håkon Håkonsson, og sonen hans, Magnus, som fekk tilnamnet Lagabøter, og var farens medkonge frå 1257.

Ein eller annan gong etter dette året og før 1263, då kong Håkon døde, utferda dei to kongane ein «skipan», ei forordning, som regulerte i detalj kvar ulike yrkesgrupper i byen skulle halde til med handverket eller næringane sine.

Denne reguleringsplanen vart seinare teken inn i den nye bylova for Bergen av 1276, som vi feirar 750-års jubileum for i år, og eit kapittel i den delen av bylova som vert kalla «Byordninga», vert innleia med at dette er den skipan som kongane gav.

Den forordninga som kongane gav, har også innehalde påbod om at nokre bygningar og aktivitetar skulle flyttast ut av bykjernen, og er rekna opp i eit kapittel like etter den detaljerte reguleringsplanen for byen.

Bygningar og aktivitetar som skal flyttast ut av bykjernen, er badstover, bakaromnar og jarnsmier. Desse har vore vurderte som ekstra brannfarlege. Eigarane vert pålagde å flytte desse husa til ein stad dei får tilvist av gjaldkeren (byfuten). Om dei ikkje gjer det etter den halvmånads fristen som gjaldkeren har gjeve, så er mennene på bymøtet pliktige til å rive husa.

Det kan nok knyte seg ein viss brannfare til nokre av verksemdene som får vere att i bykjernen, m.a. til gullsmedane. Men det kan vere grunnar til at dei fekk vere. Hos gullsmedane kunne det finnast store verdiar, som var betre verna mot tjuvar der det var mange som såg og høyrde.

Byen hadde dessutan vaktmenn som gjekk sine faste rundar om natta forbi husa der gullsmedane heldt til, og det fanst også vaktmenn i tårnet på Nikolaikyrkja med utsikt til staden. Men vi ser at det er tenkt på brannfaren. Verkstadane til gullsmedane skal ha jordgolv.

Magnus Lagabøter i Domkirken i Stavanger. Foto: Rolf Chr. Ulrichsen / NTB

Tre andre kapittel utgjer saman med dei to kapitla som må ha vore del av konganes eldre forordning, ein sentral og omfattande del av «Byordninga». Her finn vi brannforskrifter, nesten av ein type vi kjenner i dag.

Lova seier til dømes at gjaldkeren og rådsmennene skal godkjenne nye omnar, og om dei ikkje vert godkjende, skal dei rivast. Her er reglar om eldstadar og om levande lys som koler og lampar. Det er forbode å ha open eld ute på gardsplassar eller i gater. Unntaket er om ein tjærebreder hus eller brenner likstrå.

Byfolket får instruksar om kva dei skal gjere om det vert brann, og reglane kan vere detaljerte. I alle gardar skal der vere kar med vatn om der ikkje er vasskjelde. I alle hus med eld, skal der vere stige, og i alle fjerdingar av byen skal der vere to brannhakar. Straks folk høyrde brannklokka, som var klokka i Nikolaikyrkja, eller luren blåse, skulle alle springe til.

To menn skulle ha med seg eit stort kar, ei øks og andre våpen som kunne brukast mot elden. Kvinnene skulle kome med bøtter og kar til å kaste vatn på elden. Dei som berre stimla saman for å sjå, fekk bot. Og straffa for ikkje å følgje brannforskriftene var strenge.

Dei tre kapitla som ikkje var med i den eldre forordninga, fekk mest truleg si utforming då bylova av 1276 vart skriven, og samanarbeidd med konganes skipan. Nokre formuleringar her finn vi att i ei eldre bylov, (Den eldre Bjarkøyretten), som vi har bevart berre i den versjonen som galdt for Trondheim, men som også har funnest i ein versjon for Bergen.

Men brannforskriftene i Bergen bylov frå 1276 er langt meir detaljerte enn i den eldre bylova, og eitt kapittel opnar med: «Sidan den store faren som knyter seg til å ha ansvar for elden i byen vår, er kjend for alle...»

Dette er nok ein direkte referanse til byens historie som viser at bybrannen i 1248 har gjort eit sterkt inntrykk, og gjev klare avtrykk i bylova 28 år seinare.

Temaer i artikkelen

Følg det du er interessert i, og finn artiklene på For deg

内容来自 BA.no - Forsiden - CHECK 08/04/2020,版权归原作者所有。

阅读原文 ↗

把喜欢的内容,留在你的新标签页。

打开我的订阅