Dei er kanskje ikkje frå Norge, men dei er definitivt frå verda
Nokre plassar i verda har ein greidd å halda liv i urbane tradisjonar som er heilt unike for ein by eller eit område.
Tradisjonar som ikkje har gått i arv grunna pålegg frå styresmakter, men gjennom kunnskapsoverføring og praksis frå generasjon til generasjon av utøvarane sjølv.
Tradisjonar som gjerne ikkje vert inkluderte i den offisielle nasjonale forteljinga, fordi dei er for lokale eller regionale, men betyr uendeleg mykje for lokal identitet og eigenart, og som vert dyrka med ein lidenskap som om det var det viktigaste i verda, sjølv om tradisjonane berre vert utførte akkurat der.
- På torga i Barcelona og andre byar i Katalonia har innbyggarane sidan 1700-talet bygd menneskelege tårn på opp mot ti etasjar i høgda.
- I arbeidarklassestroka i Lisboa oppstod den særeigne melankolske musikkstilen fado, som sidan har vorte framført i mørke vertshus i tronge bakgater.
- I Krakow har innbyggarar sidan 1800-talet møttest på det sentrale torget i byen den første torsdagen i desember for å visa fram forseggjorde julekrybber inspirerte av arkitekturen i byen.
Det alle desse tradisjonane har til felles, utanom å vera urbane stadbundne og folkelege tradisjonar som har vorte overførte frå generasjon til generasjon, er at dei er representerte på Unesco si liste over levande kulturarv.
Ei rekke særeigne folkelege urbane tradisjonar har plass på Unesco si liste for levande kulturarv. Ein av dei er dei menneskelege tårna eller «Castellers» i Katalonia. Foto: Emilio Morenatti
Det var altså denne lista eldsjeler bak bergenske buekorps håpa å verta ein del av, som ein av fem nominerte norske kandidatar.
I Norden er det vanskeleg å finna urbane folkelege tradisjonar som hadde passa betre inn enn buekorps på Unesco-lista.
Og, nei. Det er ikkje fordi buekorpsa er ein viktig erkebergensk identitetsmarkør. Det er ikkje nok i denne samanhengen.
Det er heller ikkje diskvalifiserande at buekorps utan tvil har noko unorsk over seg. Tvert i mot, faktisk.
Nei, det er faktisk fordi buekorpsa er eit unikt internasjonalt fenomen som objektivt sett passar som hand i hanske med Unesco sine kriterium.
Symbolikken rundt byekorpsa, mellom anna dei fargerike fanene, minnar meir om folkelege tradisjonar i middelhavsland enn om norsk kulturarv. Foto: EIRIK HAGESÆTER
Buekorpsa er nemleg …
- ikkje ein historisk rekonstruksjon, men ein levande og genuin tradisjon med historisk kontinuitet sidan 1800-talet.
- organisasjonar som har ein særeigen sosial struktur, der barn og unge sjølv er leiarar, der ulike korps har ulike symbol og uniformer, og har interne ritual og seremoniar.
- basert på kunnskapsoverføring mellom generasjonane, der barn og unge sjølv står for opplæringa.
- uløyseleg knytt til geografien og dei ulike strøka i byen, der byen sjølv er ein del av tradisjonen.
- ein tradisjon som sidan starten har vore basert på barn og unge som sjølvstendige berarar av ein kultur basert på sjølvorganisering, demokratisk deltaking og fråvær av vaksenstyring.
- ein tradisjon som har fungert på tvers av sosiale skil og som har rom for mangfald.
- ein aktivitet som først og fremst er til for deltakarane sjølv, og ikkje for turistar eller publikum.
- ein tradisjon som har eksistert i andre byar, men som i lange tider berre har overlevd i éin einaste by.
Nettopp desse argumenta er òg gode grunnar for at ein plass på Unesco-lista dessverre kan visa seg å vera viktig for framtida til buekorpstradisjonen.
Desse gutane frå Laksevåg Bueskyttere er ein del av ein heilt unik internasjonal tradisjon. Foto: Anders Kjølen
Ein viktig grunn til at Unesco si liste over immateriell kulturarv faktisk finst, er nemleg at i ei stadig meir global og generisk verd, er denne typen stadbundne tradisjonar basert på munnleg og praktisk kunnskapsoverføring frykteleg sårbare.
Det skal nemleg ikkje meir til, enn ein generasjon med barn og unge som prioriterer sjølvpromotering på sosiale medium eller meir trendy fritidsaktivitetar, for at ein ikkje lenger har ein tradisjon med samanhengande kontinuitet.
Me skal ikkje langt tilbake før buekorpsa ropte alarm, og var djupt uroa for rekrutteringa. Den gongen gjekk det bra. Det finst ingen garanti for at det skal skje i all framtid.
Buekorpsa er òg truleg det aller beste dømet på denne typen urban kulturarv i heile Norden.
Tidlegare vart buekorpsa skulda for å ikkje inkludera jentene. Den kritikken var det ingen som snakka om då Vineta Vlasova vann over gutane under Buekorpsenes dag. Foto: ANDERS KJØLEN
Sidan tradisjonen med å bygga oselvarar kom inn på lista som første norske oppføring i 2016, er det derimot ulike sider av bondekulturen som dominerer dei norske bidraga på Unesco-lista.
Me snakkar om stev, folkemusikk og folkedans frå Setesdal, seter- og stølsdrift, og handverk og sosial praksis knytt til bunadar.
I tillegg er Norge med på to multinasjonale oppføringar; den nordiske klinkbåttradisjonen og den europeiske tradisjonen knytt til vedlikehald av verneverdige steinbygningar, der Nidarosdomen er den norske linken.
Det er uansett på høg tid at Norge greier å løfta fram kulturarv òg med eit urbant opphav.
Måndag kunne BA likevel fortelja at kulturbyråkratane i Kulturdirektoratet har i staden valt å sjå vekk frå alle dei nasjonale norske nominasjonane til Unesco-lista.
Den einaste kandidaten Kulturdirektoratet ønsker å fremja til Unesco er eit fleirnasjonalt initiativ for å løfta tørrfisktradisjonen inn på lista.
Det er eit uhyre defensivt val. Ikkje fordi tørrfisken, som òg har historiske band til bergensk bykultur, ikkje er ein verdig kandidat, men fordi kulturbyråkratane på same tid ser vekk ifrå minst to vestlandske kandidatar som begge høyrer heime på Unesco-lista.
For også dei som har kjempa for å få den vestnorske urgjæren kveik inn på lista har grunn til å føla seg forbigått i denne prosessen.
Dei siste åra har det nemleg gått opp for forskarar og globale ølentusiastar at det i nokre avsidesliggande vestlandsbygder har overlevd ein bryggekultur som truleg er den eldste kontinuerlege i heile verda. Ved å brygga kvart år i minst 40 generasjonar, har bønder i Voss, Hardanger, Sogn og på Sunnmøre halde liv i ein gjærkultur som det ikkje finst maken til i heile verda.
Det burde nesten vera definisjonen på levande kulturarv.
Akkurat som for buekorpsa vil Unesco-statusen kunne vera med på å halda liv i levande folkekultur av internasjonalt format som slettes ikkje er sjølvsagt i vår tid.
Tidlegare ville ikkje eit avslag hatt så store konsekvensar. Det nye av året, er nemleg at norske styresmakter berre vil opna for nye nominasjonar til Unesco-lista kvart tredje år.
Om ein tar med Unesco si eiga saksbehandling på om lag to år, er det dermed minst fem år til norske kandidatar får ein ny sjanse til å hamna på lista.
Det gjer at det no kvilar eit tungt ansvar på kulturminister Lubna Jaffery (Ap).
Til no er det berre Kulturdirektoratet, med fagleg støtte frå sin eigen fagkomité, som har plukka ut kva av dei norske forslaga som skal fremjast på vegner av Norge.
Sjølv om det slettes ikkje er kultur for politisk innblanding i slike prosessar, bør kulturministeren frå Bergen har gjera eit unntak.
Kulturminister Lubna Jaffery jubla på valvaka i Bergen i fjor. Foto: EIRIK HAGESÆTER
Grunnen er at det er eit politisk ansvar å sørga for at både buekorpsa og kveiken vert løfta opp som norske Unesco-kandidatar, medan tradisjonane framleis lever i beste velgåande.
Sidan nominasjonen av tørrfisktradisjonen er eit samarbeid mellom ei rekke ulike land, og vert behandla som ein multinasjonal nominasjon av Unesco, burde det i tillegg vera plass til minst ein nasjonal kandidat i tillegg.
Det er òg opning for at Norge kan nominera ein ny kandidat allereie neste år. Regelen om tre år mellom nominasjonar er nemleg eit norsk påfunn, og ikkje eit krav frå Unesco.
Det er òg forhold ved dei norske utveljingskriteria som gjer at det er ekstra gode grunnar til at kulturministeren burde gå inn i saka.
Sjølv om både kveik og buekorps passar godt med Unesco sine intensjonar for lista, kan dei ha vorte hindra av dei norske kriteria.
Også tradisjonen med ølbrygging med kveik burde vore ein opplagt norsk kandidat for Unesco-lista. Foto: Bergensavisen
I den norske utveljingsprosessen er det slått fast at urfolk og nasjonale minoritetar skal prioriterast.
Medan den multinasjonale tørrfisk-søknaden har sjøsamiske kulturberarar med på laget, kan verken forkjemparane for kveiken eller buekorpsa visa til slikt.
Sjølv om Norge har eit særleg ansvar for å løfta fram samisk kultur, kan ikkje dette vera diskvalifiserande for annan kulturarv som Norge òg har eit kulturpolitisk ansvar for å ta vare på.
At manglande kapasitet i byråkratiet vert peikt på som ein grunn til at berre ein kandidat skal vurderast dei neste tre åra, tyder meir på ukultur enn god kulturell vurderingsevne.
No bør kulturminister Lubna Jaffery gjera det som står i hennar makt for å få kveiken og buekorpsa inn på Unesco-lista så snart som råd.
Ho vil ikkje i særleg grad trakka byråkratiet på tærne, BA har nemleg sett dokumentasjon på at både buekorps og kveik vert vurdert som verdige kandidatar av fagfolka.
Heldigvis har buekorpsa mange vennar. No er det på tide at tradisjonen får anerkjenning som fortent. Foto: ANDERS KJØLEN
Det er ikkje fordi ho er bergensar eller vestlending ho bør gjera dette, men fordi ho har eit overordna ansvar for at udiskutabel norsk kulturarv skal sikrast ei best mogleg framtid.
Likevel kvilar det eit ekstra ansvar på ein kulturminister frå Bergen og Vestlandet. Grunnen er at Lubna Jaffery har alle føresetnader for å forstå kvifor dette er viktig.
内容来自 BA.no - Forsiden - CHECK 08/04/2020,版权归原作者所有。
阅读原文 ↗