Mimir har knabba ein «skambra» strategi

Kommentar

Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.

– Eit skambra budsjettforlik, sa Mímir Kristjánsson (Raudt) i vandrehallen på Stortinget onsdag, sjølv om han visste godt at han presenterte eit statsbudsjett utan fleirtal.

Det fortel litt om ein politikar som ikkje er redd for å skryta av sine eine evner som forhandlar, og litt om ein heilt bevisst strategi om å telja sigrar i staden for tap. 

Det fortel likevel aller mest om eit parti som har greidd å manøvrera seg inn i ein uhyre interessant posisjon i norsk politikk.

Mímir Kristjánsson (Raudt) vel å telja sigrar i staden for tap.

Ein posisjon som minner litt om den som Audun Lysbakken plasserte SV i, men som glapp ut av hendene til etterfølgaren Kirsti Bergstø.

Posisjonen som partiet som får Arbeidarpartiet til å sjå litt betre ut, sjølv blant Ap-folk. Gjennom å løfta fram sakene som Ap sine politikarar sjølv skulle ønska dei kunne ha fronta.

Raudt sin manøvrering tar dette til eit nytt nivå, og får nærmast partiet til å sjå ut som eit realpolitisk sentrumsparti internt i den raudgrøne koalisjonen.

Dei jublar sjølvsagt aller mest for sitt eigne gjennomslag for ein tannhelsereform som skal gje alle over 75 år 75 prosent rabatt hjå tannlegen, og som er den aller dyraste enkeltsatsinga i budsjettet.

Men! Medan dei andre partia kan peika på eit par gode sigrar kvar etter budsjettforhandlingane, kan Raudt nemleg jubla over så godt som alt det dei andre partia har greidd å kjempa fram.

Fire av dei fem raudgrøne partia kunne onsdag presentera eit budsjett som ikkje har fleirtal i Stortinget. Eit av parti har ekstra god grunn til å vera fornøgde. Foto: NTB

Ja, dei kan smila om lag like breitt over SV sitt gjennomslag for månadskort i kollektivtrafikken til 499 kroner, som Senterpartiet sitt kutt på 1 krone og 25 øre i dieselavgiftene.

  • Dei kan jubla for at barnehageprisen vert kutta med 200 kroner, og at barnehagane får 500 millionar kroner til meir bemanning.
  • Dei kan jubla for 1 milliard kroner ekstra til sjukehusa.
  • Dei kan jubla for at dei som tener mest får litt mindre av skatteletten.
  • Dei kan jubla for 1,7 milliardar meir til kommunane.
  • Dei kan jubla for 400 millionar kroner til vedlikehald på jernbana.
  • Dei kan jubla for 200 millionar kroner meir til Posten, og at det skal innførast ei nasjonal prøveordning med ei dørterskelteneste.
  • Dei kan jubla for at folk i Distrikts-Norge framleis skal kunna få papirutgåvene av Klassekampen, Nationen, Vårt Land, Morgenbladet og Dag og Tid på laurdagar.
  • Dei kan òg jubla for at bokbåten Epos er sikra 2 millionar i driftsstøtte.

Kjensgjerninga er at dei aller fleste arbeidarpartiveljarar, særleg i distrikta, òg vil påstå at gjennomslaga frå den raudgrøne opposisjonen i Stortinget gjer statsbudsjettet betre for folk flest.

At Arbeidarpartiet gjer seg sårbare for kritikk frå høgresida, fordi oljepengebruken går opp og staten sine utgifter esar ut, uroar slettes ikkje Raudt.

Der Raudt tidlegare vart sett på som eit prinsippfast og dogmatisk parti, viser posisjoneringa og forhandlingsstrategien at partiet eigentleg har utvikla seg til å verta ganske så pragmatisk parti. 

Enkelte vil nok heller bruka ordet populistisk. Eit parti som er ganske elastisk, så lenge politikken er populær blant folk flest.

Det ligg likevel ein ganske gjennomtenkt strategi bak, som minner om strategien til Audun Lysbakken som SV-leiar. Nemleg å fokusera på dei hjartesakene som det er mest realistisk å få dei ein forhandlar med på.

Miljøpartiet dei Grøne har i større grad valt motsett strategi. Dei har ikkje slått seg til ro med at billegare kollektivprisar motverkar Senterpartiet sitt ultimatum om lågare drivstoffprisar.

Frøya Skjold Sjursæther (MDG) tel tap i staden for sigrar. Partiet har rett og slett ikkje lykkast i forhandlingane.

I staden har dei mellom anna stått steilt på stopp i oljeleiting i Arktis, som er ei sak dei veit at det er vrient å få Arbeidarpartiet med på.

Dei har ikkje i stor nok grad greidd å identifisera klimasaker som det faktisk er mogleg å få Arbeidarpartiet og Sentrpartiet med på.

Til samanlikning, kunne Raudt ha pressa på for å bremsa Arbeidarpartiet si satsing på vindkraft til havs, ein politikk partiet har kritisert i lang tid. Dei har heller fokusert på saker dei faktisk kan få gjennomslag for.

Om Raudt ville, kunne partiet ha valt den same taktikken som Miljøpartiet Dei Grøne: Dei kunne ha konkludert med at budsjettet for 2027 er milelaust unna visjonen om eit klasselaust samfunn, og brote forhandlingane.

I staden har dei to år på rad greidd å laga ei historie om eit parti som er meir enn villige til å verta einige med samarbeidspartnarane sine.

Og gjort spådommane om at Raudt ville verta eit problem for Støre til skamme.

I fjor styrka SV og MDG den historieforteljinga gjennom å venta i det lengste med å slutta seg til nokon budsjettavtale.

I år er MDG åleine om å telja tap i staden for å telja forhandlingssigrar. Det kan i yste konsekvens fella regjeringa partiet gjekk til val på.

Den store taparen er den raudgrøne koalisjonen, som igjen, med rette, kan kritiserast for å vera eit skjørt byggverk.

Den største vinnaren? Jo det er det pragmatiske raudgrøne sentrumspartiet Raudt, det. Dei kan nemleg telja sigrane på begge nevane, uansett korleis det går.

Temaer i artikkelen

Følg det du er interessert i, og finn artiklene på For deg

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

内容来自 BA.no - Forsiden - CHECK 08/04/2020,版权归原作者所有。

阅读原文 ↗

用 HomepageTab 新标签页关注 RSS,打开浏览器就能看到更新。

安装 HomepageTab