Stopp ein hal! Kva om me skulle få bruk for Posten likevel?
Dei hadde nesten berre nostalgien å ty til, dei posttilsette som i hopetal troppa opp på Torgallmenningen måndag.
Sjølv om det var ein høgst aktuell politisk streik me var vitne til, hadde dei posttilsette vore på museum for å finna rekvisittane sine.
Dei bles i det gamle posthornet. Ein stilte i den svarte uniformslua. Og plakatane var pryda av ein postlogo som vart byta ut då nyliberalismen pressa seg fram på 2000-talet.
Terje Steine Mjøs hadde med seg posthornet, i det som mest av alt minna om eit nostalgisk postludium for Posten. Foto: Skjalg Ekeland
Det som skulle ha vore ei massiv oppvisning av krafta i ei samla fagrørsle, var meir som eit resignert postludium for ei yrkesgruppe som bad om å verta oppsagde på ein skånsam måte.
Det må vel vera slik, var det mange som tenkte. Synd med posten, men kvifor skal me betala lønn til postmannen når me ikkje lenger sender brev?
Stopp ein hal! Det er på tide at me skjerpar oss, og kjem oss ut av denne postmoderne politiske massesuggesjonen.
Om du lurte: Det er slettes ikkje nostalgiske grunnar som gjer at me bør stoppa opp og tenka oss litt om. Nei, det er den situasjonen som foregår i verda akkurat no, som er grunnen.
Det passa verkeleg Ap-regjeringa på å minna oss på då finansminister Jens Stoltenberg la fram statsbudsjettet 7. oktober.
Det første du kan lesa i budsjettdokumenta, under regjeringas hovudprioriteringar, og overskrifta «Trygghet for landet» er:
«Forsvar, sikkerhet og beredskap videreføres som hovedprioriteringer i budsjettforslaget.»
Om ein bladde vidare i budsjettdokumenta, kunne ein lesa at regjeringa foreslo å gjennomføra ei historisk masseoppseiing av tilsette i Posten.
Fordi volumet av brev har gått kraftig ned, vil regjeringa redusera postomberinga til berre ein dag i veka.
Statsminister Jonas Gahr Støre saman med postmannen Iver Stabek. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Logikken er kanskje: Om me skal ha pengar til å rusta opp forsvaret, sikra tryggleiken og betra beredskapen kan me ikkje driva å betala lønn til posttilsette, sidan me nesten ikkje sender brev lenger.
Før me går vidare, vil eg ta deg med på ein liten avstikkar til eit land i Europa der ein verkeleg har fått testa forsvaret, tryggleiken og beredskapen sin.
I Ukraina har nemleg – tru det eller ikkje – postvesenet vorte ei heilt essensiell livline i kampen mot den russiske krigsmakta.
I område der bankar har måtta stenga, straumen er borte og ein ikkje kan stola på internettet, sørgar postboda for at pensjonar, trygd og kontantar når fram til eldre og sårbare innbyggarar.
Patriotiske frimerke har vorte eit viktig symbol for den ukrainske fridomskampen. Men Posten er meir enn symbolikk i det krigsherja landet. Foto: AP Photo/Natacha Pisarenko
Dei posttilsette distribuerer livsviktige medisinar og naudhjelp til isolerte landsbyar, og fraktar utstyr og forsyningar til både militært og sivilt hjelpeapparat.
Sidan den russiske invasjonen starta i 2022, har både det offentlege postselskapet Ukrposhta og den private postaktøren Nova Poshta rapportert om historiske rekordar når det gjeld talet på pakkar og brev som vert sende.
Så viktig er eit velfungerande postvesen i det krigsherja landet, at menn i stridsdyktig alder kan få dispensasjon frå krigsteneste om dei jobbar med postlevering.
Også russarane har fått med seg at posten spelar ei viktig rolle i den ukrainske motstandskampen. Det har resultert i målretta angrep mot ei rekke viktige postterminalar, postkontor, men òg mot postbilar på oppdrag på landevegen.
Ein postmann frå Nova Poshta ser over skadane etter eit russisk angrep på ein postterminal i Kharkiv. Foto: AP Photo/Andrii Marienko
I Norge, der regjeringa altså har forsvar, tryggleik og beredskap som sine viktigaste satsingar, vert faktisk ikkje posten rekna som ein kritisk samfunnsfunksjon i det heile.
Tematikken vert knapt nok diskutert i rapporten frå ekspertutvalet for framtidas posttenester, som vert brukt som grunnlag for dei drastiske nedskjeringane i Posten.
Der kan me nemleg lesa:
«Per i dag er ikke post definert som en «kritisk samfunnsfunksjon» etter DSBs rammeverk. Begrunnelsen for dette er blant annet at rask videreformidling av brev og beskjeder i stor grad er erstattet av elektronisk kommunikasjon.»
I ein kvardagsleg samanheng er eit slikt argument grei skuring. I ein beredskapssamanheng er tankegangen rett og slett spinnvill.
Å bygga opp beredskapen handlar jo nettopp om at kvardagslivet i så stor grad som mogleg skal kunna gå sin gang, sjølv om straumnettet, mobilnettet og internettet vert borte.
Likevel vert altså tematikken behandla med harelabb i det viktigaste belutningsgrunnlaget bak dei foreslåtte masseoppseiingane. Det er heller ikkje særleg mange andre gode svar å finna om problematikken.
Også konsekvensane for dei som i liten eller ingen grad er ein del av den digitale omstillinga i samfunnet, vert tatt nok på alvor.
Ifølge Digitaliseringsdirektoratet er det faktisk over 850 000 vaksne nordmenn som vert rekna som digitalt sårbare, og som er i fare for digitalt utanforskap.
Ei fersk undersøking viser òg at det finst 190 000 nordmenn over 18 år som ikkje har brukt bank-id dei siste 12 månadane. Blant desse er det òg unge menneske.
Dermed er styresmaktene langt unna å nå målet sitt om at 95 prosent av alle nordmenn skal vera digitale innan 2030.
Derfor er det på sin plass at Stortinget stoppar regjeringa sitt forsøk på drastiske kutt i den einaste landsdekkande fysiske distribusjonsnettet me har i Norge.
Per dags dato, har me nemleg ikkje gode nok svar på kva minimumsnivå eit norsk postvesen bør ligga på, for å kunna handtera ein viktig beredskapsfunksjon, eller kva konsekvensen av slike kutt vil ha å seia for dei digitalt sårbare i samfunnet.
Å gå frå 3000 til 1000 postbod i Norge, vil utan tvil ha stor innverknad på lokalkunnskap og kapasitet i det norske postvesenet.
Til no har me ikkje fått gode nok svar på om dette er eit forsvarleg nivå.
Så lenge Posten ikkje vert rekna som ein kritisk samfunnsfunksjon, er det òg stor fare for at me som samfunn undervurderer noko heilt essensielt: Evna til å kunna henta og levera fysiske varer og meldingar over heile landet i ein krisesituasjon.
Det er ei for viktig samfunnsoppgåve til at ein kan ta avgjerder på tynt grunnlag.
Ei rekke postterminalar i Ukraina har vorte utsett for russiske åtak. Her i Zaporizhzhia. Foto: AP Photo/Kateryna Klochko
Masseoppseiingane i posten bør derfor stoppast. Me treng meir fakta på bordet for å vita om desse kutta er forsvarlege. Det er ingenting som tyder på at Posten si rolle som kritisk samfunnsfunksjon er godt nok ivareteke.
Medan me tar ein liten tenkepause, kan kanskje Arbeidarpartiet få tenkt gjennom arbeidsgjevarpolitikken sin òg. Partileiinga har tidlegare undervurdert motstanden i eigne rekker mot store endringar i Posten.
Som då Tore Eikeland, som seinare vart drepen på Utøya, var ei sterk drivkraft bak at landsmøtet i 2011 gjekk i mot å innføra det tredje postdirektivet frå EU.
– Return to sender, sa Eikeland til applaus og begeistra latter frå landsmøtesalen.
Det sitatet står seg godt.
Det kan likevel henda at konklusjonen uansett vert den same når me veit meir. Kanskje må me klara oss med langt færre postbod.
På Torgallmenningen måndag vart det uansett stilt nokre spørsmål som verkeleg må svarast ut.
– Hva skjer når snøstormen kommer, mobilnettverket svikter og digitale systemer faller ut?, spurde Ingunn Reistad Jacobsen frå Fagforbundet.
Det pliktar Ap-regjeringa å svara skikkeleg på.
Framtida til Posten bør uansett ikkje baserast på nostalgi og minne om det Posten ein gong var, men passeleg mykje uro for kva framtida kan komma til å by på.
Posttilsette i Bergen kjempa denne veka mot masseoppseiingar. Foto: Skjalg Ekeland
内容来自 BA.no - Forsiden - CHECK 08/04/2020,版权归原作者所有。
阅读原文 ↗