Ei feig løysing som kastar både rusavhengige og Gyldenpris under bussen

Kommentar

Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.

Onsdag måtte den ferske sosialbyråden Caroline Sandven Taule (H) svara for seg frå talarstolen i bystyret.

Dagen før, berre timar etter at ein mann hadde vorte knivstukken i undergangen ved Straxhuset på Gyldenpris, fortalde sosialbyråden at byrådet ville skrinlegga det som har vore byrådet sitt aller viktigaste grep for å betra situasjonen for dei rusavhengige i byen.

Caroline Sandven Taule (H) droppar planane om eit nytt MO-senter i sentrum. Onsdag måtte ho svara for seg i bystyret. Foto: Anders Kjølen

Etter tre år med arbeid kasta ho planane om å etablera eit nytt mottaks- og oppfølgingssenter sentralt i byen (MO-senter) i bosset.

Senteret, som er nedfelt i den politiske plattformen til byrådet, skulle vera kommunen sin nye spydspiss i arbeidet for å redusera fysiske, psykiske og sosiale skadar for rusavhengige, og var det humane alibiet til byrådet som gjorde at det vart skapt aksept for å fjerna det tunge rusmiljøet frå Vågsbunnen i 2024.

Medan opposisjonen i bystyret var så opprørte at dei sleit med å formulera fornuftige spørsmål, kom eit uhyre presist spørsmål på trykk i BA:

Kva er planen no?

Det var ingen i opposisjonen, men Isak Bayati, leiar i Bergen Unge Høgre, som sa dei fire orda som understrekar den uhaldbare situasjonen byrådet har plassert byen i. Også Charlotte Spurkeland, som i september vart avløyst av Taule i byrådsstolen, stilte spørsmål ved avgjerda.

Grunnen er at byrådet i tre år, fleire tiår på overtid, har jobba for eit nytt sentralt MO-senter, utan nokon plan b.

I mai 2024 leverte Etat for psykisk helse og rustjenester ei utgreiing av dei ulike måtane dette kunne gjerast på.

Der vart ulike alternativ drøfta, med både fordelar og ulemper. Den mest interessante konklusjonen, var likevel konsekvensen av å ikkje gjera noko.

«Fagetaten vurderer at nullalternativet, som handler om å ikke gjøre noe, ikke er forsvarlig.»

Fordi «kommunen ikke klarer å sikre nødvendige helse- og omsorgstenester for målgruppa».

Det er i all hovudsak dette alternativet byrådet no har landa på. 

Rett nok har nokre av føresetnadane endra seg noko sidan utgreiinga var ferdigstilt. I starten av desember 2024 vart som sagt rusmiljøet forvist frå Vågsbunnen.

Dette miljøet har likevel ikkje slutta å eksistera. Det er i staden skapt ein endå meir krevjande situasjon rundt det eksisterande MO-senteret på Gyldenpris, der naboar går store omvegar fordi dei føler seg utrygge.

Laurdag fortalde BA om Maja Susala (21) som fortalde at ho aldri hadde flytta til området om ho hadde visst korleis forholda var. Intervjuet med Susala måtte avbrytast grunna ein væpna politiaksjon i undergangen ved Straxhuset.

Maja Susala føler seg ikkje trygg i nærmiljøet sitt, og spring heller over motorvegen enn å nærma seg undergangen på Gyldenpris. Foto: Skjalg Ekeland

To dagar seinare vart ein mann køyrd bevisstlaus til sjukehus etter å ha vorte knivstukken etter ei konflikt i den same undergangen. Ein annan mann er sikta for drapsforsøk.

Etter hendinga snakka BA med småbarnsmora Irene Marie Gabrielsen, som er tydeleg på at ho kjem til å flytta frå området før dottera vert eldre.

Irene Marie Gabrielsen har ikkje tenkt å la dottera veksa opp på Gyldenpris. Foto: Eirik Hagesæter

Også i sentrum er det utfordringar.

I mai skreiv BA om at delar av Byparken var stengd av med gjerde, fordi gartnarane frykta for eigen tryggleik fordi rusavhengige hadde flokka seg saman rundt statuen av Christian Michelsen, etter tidlegare å ha vorte jaga frå andre delar av Byparken.

«Vi har ikke klart å gi et godt nok tilbud», var svaret frå dåverande sosialbyråd Charlotte Spurkeland (H). Ho var klokkeklar på kva som var løysinga:

«Det jobbes med å utrede et MO-senter i sentrum, og vi har planer om å oppgradere uteområdet ved MO-Gyldenpris, så det skal bli et mer attraktivt sted å være», sa Spurkeland til BA.

No vel den etterfølgaren å skrota MO-senteret i sentrum, utan å kunna visa til noko nytt faggrunnlag.

Ho seier i staden at ho har tenkt på saka i to-tre veker.

Dei nye tiltaka som skal kompensera for at byrådet droppar planen om eit nytt MO-senter, er ikkje gjennomarbeida, men framstår som lite gjennomarbeida målsettingar.

  • Byrådet vil vidareutvikla og styrka tenestene ved dei eksisterande MO-sentera. Utan at det vert løyvd ekstra pengar til dette i budsjettet for neste år.
  • Spørja politiet om dei kan patruljera meir i området rundt MO-senteret på Gyldenpris.
  • Spørja fylkeskommunen om dei kan få på plass meir gatelys området.
  • Spørja spesialisthelsetenesta om dei vil vera med på å etablera ei nærhelseteneste.
  • Få trivselspatruljen til det kommunale senteret for arbeidslivsførebuing (Alf) til å vera meir til stade, og styrka reinhaldet i undergangen.
  • Å utvida opningstidene ved det brukarstyrte aktivitetshuset Huset i sentrum med ein ekstra dag i veka.

I tillegg vidarefører Taule forgjengaren Spurkeland sin plan om å utbetra uteområda rundt MO-senteret på Gyldenpris. Planen er at den nye uteplassen skal stå klar til sommaren.

I bystyret onsdag fortalde sosialbyråden at ho vil legga fram ei sak om tilbodet til dei rusavhengige i løpet av første kvartal 2027.

Den tida bør brukast ekstremt godt.

Faren er nemleg overhengande for at kommunen vidarefører ein ruspolitikk som verken fungerer for dei rusavhengige eller folk som lever tett på dei rusavhengige.

Lenge var det naboane til Nygårdsparken som sov dårleg om natta, før naboar og næringsliv i Vågsbunnen overtok dei negative konsekvensane.

Ingen vil tilbake med situasjonen med ein open russcene midt i sentrum. Foto: SKJALG EKELAND

No planlegg altså byrådet for at det er innbyggarane på Laksevåg som på permanent basis skal ta ein langt større del av støyten, enn det området er rigga for.

Dei aller mest skadelidande har likevel heile tida vore dei rusavhengige.

Me må snakka i klartekst om kvifor det ikkje for lengst er etablert noko sentralt MO-senter.

Det handlar sjølvsagt om at det ikkje finst politisk mot hjå det politiske fleirtalet til å peika på kor dette tilbodet skal faktisk skal vera. 

Ingen ønsker å vera nabo til den nye opne russcenen.

Å plassera tilbodet i Allehelgensgate 5, som mellom 1970 og 1993 husa Folkets hus, møtte for sterk motstand i byrådspartia og støttepartia til byrådet.

Her vert det ikkje noko MO-senter, ifølge byrådet. Foto: CAMILLA SMISTAD TOFTERÅ

Det hjelper likevel ingen, aller minst dei rusavhengige eller folk på Gyldenpris, å nok ein gong skyva problemet under teppet, slik byrådet no gjer.

Det motet, som no manglar, hadde dåverande sosialbyråd Lisbeth Iversen (KrF) då ho starta satsinga på desentraliserte MO-senter i 2012. Ei satsing som skulle hindra opphoping, og gje rusavhengige hjelp i nærmiljøet.

Det byråd Caroline Sandven Taule i realiteten no gjer, er å gje opp denne strategien gjennom å stikka hovudet i sanden. Då hjelper det ikkje at byrådet i tre år har jobba utan noko alternativ løysing, men satsa alle krefter på MO-senteret som no vert skrinlagt.

Det me veit sikkert, er at det kjem til å vera rusavhengige i sentrum, anten byrådet likar det eller ikkje.

Det er òg temmeleg sikkert at det ikkje er noko god løysing å halda fram med å dirigera så mange av dei rusavhengige til Gyldenpris. 

Det er kanskje det enklaste for eit feigt byråd, men forsvarleg er det ikkje.

内容来自 BA.no - Forsiden - CHECK 08/04/2020,版权归原作者所有。

阅读原文 ↗

用 HomepageTab 新标签页关注 RSS,打开浏览器就能看到更新。

安装 HomepageTab